Hopp til innhold

Saksbehandlingstider

DEKSA handsamar søknader og førespurnader fortløpande og så raskt som mogleg. Nedanfor finn du oversikt over forventa handsamingstid for ulike typar saker.

Handsamingstidene som blir omtala nedanfor, er forventa handsamingstider for ordinære saker. Komplekse saker, eller saker der det manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil ta lengre tid. Søknader må difor presist skildre forholda i saka og leggje ved dokumentasjon som underbyggjer saka.  

Vi kan som regel ikkje svare på spørsmål om nøyaktig når saka di vil vere ferdig behandla. Det er ikkje nødvendig å etterspørje status på saka di. Om det er feil eller uklarheiter i søknaden, eller DEKSA treng fleire opplysningar frå deg, vil vi sende deg melding. 

Vi gjer merksame på at handsamingstidene kan bli lengre i periodar med ordinær ferieavvikling, eller ved stor pågang.  

Type sak

Antall veker

Eksportlisens for flerbruksvarar (Liste II) 6
Eksportlisens og overføringslisensar for forsvarsmateriell (Liste I) 2
Eksportlisens for teknologioverføring 10
Eksportlisens for tenestar 4
Generelle henvendelsar 3
Søknad om endring av gyldig lisens 1
Importsertifikat og leveringsbevis 1
Klage på vedtak
Du har rett til å klage på eit vedtak du har fått innan tre veker etter at du mottok vedtaket. Klagen skal sendast inn skriftleg i E-lisens under ‘Generelle førespurnader’. Vis til saksnummeret klagen gjeld.

12
Lisens for formidling av forsvarsmateriell eller flerbruksvarar 2
Saker om eksport til eit sanksjonert land
Sjå oversikta over land med sanksjonar og kva føresegner og avgrensingar som gjeld for landet du skal eksportere til.

12
Samarbeidsavtalar 12
Sertifisering av føretak i Noreg 18
Produktvurdering
Sakshandsamingstida vil variere mykje avhengig av pågang og hvilket teknologisk område det gjeld.

12