Hopp til innhold

Historikk

Norsk politikk på eksportkontroll- og sanksjonsfeltet har lange historiske liner.

Eksportkontrollfeltet

Spørsmålet om kven vi skal eksportere våpen til har alltid vore oppe til debatt. Våpeneksport er integrert i dei nasjonale tryggingspolitiske interessene i eksportlandet, og dimed underlagt suvereniteten til eksportlandet. Den globale tryggingspolitiske utviklinga påverkar land sin våpeneksportpolitikk. Dette viser seg tydeleg i utviklinga av Noreg sin politikk på dette området, basert på Stortinget sitt vedtak og føresetnadar, og dessutan utviklinga i internasjonale og regionale samarbeid Noreg deltek i.

I 1933 erklærte Paraguay krig mot Bolivia. Noreg slutta seg året etter til Folkeforbundet sin våpenembargo overfor dei to landa. Samstundes valde norske styresmakter å godkjenne sal av mange artilleriskot til Bolivia. Dette vart mellom anna grunngjeve med kontraktsplikter inngått forut for Folkeforbundet sin våpenembargo. Noreg sin føresetnad for tilslutning var effektiv etterleving av embargoen, noko som ikkje vart tilfelle då ei rekkje statar heldt fram med å eksportere ammunisjon til Bolivia. Eksporten til Bolivia skapte stor debatt og i kjølvatnet av kritikken som følgde vedtok Stortinget i 1935 at:

«1.  Eksport av våben og ammunisjon må kun tillates til land som ikke befinner seg i borgerkrig eller krig med mindre denne av Folkeforbundets kompetente organer er erklært for legal forsvarskrig.

2. Eksport av våben og ammunisjon må alene foregå til legale regjeringer.»

I 1958 godkjente regjeringa eksport av ammunisjon og handgranatar til Cuba. Før varene kom til landet hadde Cuba sin tidlegare president Batista vorte styrta av Fidel Castro. Eksporten vekte stor oppsikt i Noreg, og ein fekk ein debatt om eksporten var i tråd med stortingsvedtaket av 1935.

Den 11. mars 1959 erklærte Stortinget følgjande:

«Stortinget vil sterkt understreke det prinsipp at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en omhyggelig vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurdering må etter Stortingets mening være avgjørende for om eksport skal finne sted».

Vidare slutta Stortinget seg i 1997 samrøystes til ei presisering av 1959-vedtaket. Dette gjaldt betydninga av demokratiske rettar og respekten for grunnleggjande menneskerettar i vurdering av dei utan- og innanrikspolitiske forhold i vedkommande land.

Noreg sin eksportkontrollpolitikk baserer seg på prinsippa i 1959-vedtaket og presiseringa frå 1997. Kontrollen med eksport av strategiske varer, teknologi og tenester er heimla i lov og forskrift. Lov av 18. desember 1987 om kontroll med eksport av strategiske varer, tenester og teknologi osb. er utgangspunktet for arbeidet med eksportkontroll, og forskrift om eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer, teknologi og tenester av 19. juni 2013 gjev reglar om den operative gjennomføringa av kontrollen, og sjølve lisensieringa.

For å sikre at forsvarsverksemdene har mest mogleg rettvisse om høve til å få lisens, vart det i 1992 publiserte retningsliner for Utanriksdepartementet si handsaming av søknadar om eksport av våpen, ammunisjon og anna militært materiell, teknologi og tenester.

I 2014 vart retningslinene reviderte. Det vart mellom anna innarbeidd ei konsolidert kriterieliste som består av EU sine åtte åtferdskriterium for våpeneksport og FN sin våpenhandelsavtales (ATT) artikkel 6 og 7. Kriteria gjer ei nærmare utdjuping av vurderingane som følgjer av Stortingets 1959-vedtak og presisering frå 1997.

Den første årlege meldinga om norsk eksport av forsvarsmateriell vart lagt fram for Stortinget i 1997. Gjennom åra har ein styrka openheita. Dei første meldingane fokuserte på regelverket og retningslinene, og gav nokre få opplysningar om den faktiske eksporten som hadde funne stad i det førre året. Den årlege meldinga har utvikla seg til å gje meir innsyn i eksporten av forsvarsmateriell frå norske verksemder.

Deksa

Sanksjonsfeltet

Sanksjonar er eit ikkje-militært tryggingspolitisk og utanrikspolitisk verkemiddel som inneber at det vert innført økonomiske og diplomatiske restriksjonar som avgrensar handlefridommen til ein stat, ei gruppe og/eller einskildpersonar og verksemder eller andre einingar.

Tradisjonelt har sanksjonar vorte utforma som breie handelsblokadar mot eit land med tilhøyrande diplomatisk isolasjon og våpenembargo. I dag vert sanksjonar i større grad retta mot einskildpersonar eller einingar, som den styrande eliten i eit land eller andre aktørar som er direkte involverte i handlingane det vert reagert mot.

Tryggingsrådet i FN kan med folkerettsleg bindande verknad vedta sanksjonar mot statar, personar eller einingar. I tillegg vedtek Rådet for Den europeiske unionen restriktive tiltak overfor statar, personar eller einingar. Noreg er folkerettsleg plikta til å gjennomføre Tryggingsrådet sine bindande vedtak, og etter ei konkret vurdering kan Noreg slutte opp om EU-tiltaka. Fleire av sanksjons- og tiltaksregima inneheld føresegner om våpenembargo.

Stortinget vedtok 8. april 2021 lov om gjennomføring av internasjonale sanksjonar. Loven erstattar to tidlegare lover, herunder lov av 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindande vedtak av Dei sameinte nasjonanes Tryggingsråd og lov av 27. april 2001 nr. 14 om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler. Regjeringas fullmakt til å setje i verk sanksjonar og restriktive tiltak vart samla i den nye lova, uavhengig av om det er tale om FN-sanksjonar eller restriktive tiltak frå EU.